Mjølkekurva flatar ut
Det er viktig for meieriindustrien at tilgangen av mjølk gjennom året er mest mogeleg lik. Litt forenkla forklart seier vi at hovudutfordringa er for lite mjølk i tredje kvartal og for mykje mjølk i første kvartal.
.jpg)
Gjennomsnittleg differanse mellom første og tredje kvartal er redusert frå 69 millioner liter til 47 millioner liter.
Foto: Rasmus Lang-Ree
Mjølkekurva har i gjennomsnitt blitt flatare dei siste fem åra. I 2019 kom 21,7 % av mjølka i tredje kvartal, tilsvarande tal for 2024 var 23,4 %.
Variasjonen frå år kan framleis vere stor, årsaka er i hovudsak endingane i mjølkekvote frå år til år og fôrsituasjon som endrar seg. Når kvotane går ned vert det produsert for mykje mjølk i første del av året, før det vert brems ut på sommaren. Det motsette er tilfelle når mjølkekvotane aukar. Samanliknar vi dei siste fem åra med perioden frå 2015 til 2019, ser vi at gjennomsnittleg differanse mellom første og tredje kvartal er redusert frå 69 millioner liter til 47 millioner liter.
.png)
Figur: Differanse mellom 1. og 3. kvartal i millioner liter mjølk til Tine.
Flatar ut mest der kurva har vore skeivast
I nærområdet til Tine Byrkjelo kom berre litt over 15 % av årsvolum mjølk i tredje kvartal i 2019. I i 2024 er delen auka til omlag 19 %. For eit område med om lag 100 millioner liter betyr det nesten 4 millioner liter meir i tredje kvartal og om lag 4 millioner liter mindre i første kvartal. Det er ei betydeleg utflating. Det har vorte noko meir kalving på etterjulsvinteren. Men nesten like viktig, er at dei som framleis har mykje haustkalving også har nokre kyr som kalvar på etterjulsvinteren og difor held produksjonen i gang ut over sommaren. Stopp i mjølkeproduksjonen i 2-3 månader om sommaren er sjeldan hos dei som byggjer ny fjøs. Årsaka er rett og slett at mjølkepris og ikkje minst avdrått blir for låg, og difor for dårleg totaløkonomi.
Jamnare inngang gjennom året i Tine Byrkjelo
.jpg)
John Krøke er anleggsjefen på Tine Byrkjelo.
Tine Byrkjelo produserer om lag 65 % av brunosten og 40 % av Norvegia som blir produsert i Tine. Meieriet er plassert i eit område med tradisjonelt mykje haustkalving. Vi har tatt ein prat med anleggssjefen ved Tine Byrkjelo, John Krøke.
- Vi merkar ein jamnare inngang av mjølk gjennom året, fortel John. - Dette har stor betydning for effektiviteten på anlegget, i tillegg får vi jamnare kvalitet på råstoffet inn til meieriet. Når det vert mykje mjølk frå seinlaktasjonen kan det gå ut over ostekvaliteten. Vi er veldig godt nøgd med utviklinga dei seinare åra. Kvaliteten på mjølka vi får inn til anlegget er topp heile året. Jamnare inngang av mjølk kombinert med god kvalitet på ystemjølka gjer til at anlegget blir meir effektivt og dermed bidrar endå meir positivt til totalresultatet i Tine, avsluttar John.
Han hyllar både mjølkeprodusentane og Tine rådgiving for den positive utviklinga.
Forholdstalet betydeleg ned i 2026
Anleggsjefen har likevel ei bekymring: Mjølkemengda aukar meir enn forventa så langt i 2025. I praksis betyr dette betydeleg lågare forholdstal i 2026. Han meiner det er viktig for mjølkeprodusentane å tenke på, alt no. Høg mjølkeleveranse i første del av 2026 betyr brems i andre halvår, når prisen er på topp. Så rådet for høgast mogeleg mjølkepris i 2026 er å redusere produksjonen alt frå januar, slik at ein i større grad kan halde oppe produksjonen ut over sommaren. Det er bra for lommeboka til mjølkeprodusentane og bra for effektiviteten i Tine.